Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– 2005 vart ikkje så gale

– Det ser ikkje ut til at resultata for medlemmane våre i 2005 vart så gale som ein kunne frykte. Resultatet slo kanskje litt meir negativt ut for slaktegrisprodusentane enn for smågrisprodusentane.


– 2005 vart ikkje så gale

– Det ser ikkje ut til at resultata for medlemmane våre i 2005 vart så gale som ein kunne frykte. Resultatet slo kanskje litt meir negativt ut for slaktegrisprodusentane enn for smågrisprodusentane.

 

Det seier Martin Svebestad, dagleg leiar for Klepp Rekneskapslag (tidlegare Klepp Gardsrekneskapslag). Dette er ein tung og etablert aktør i rekneskapsmiljøet i Rogaland og ellers i landet. Laget vart skipa for 50 år sidan.

– Vi vil halde fram med å lage driftsanalysar slik som vi har gjort dei 12–13 siste åra. Etter kvart er kanskje ikkje dekningsbidraget det mest interessante talet på om ein lukkast eller ikkje, men for dei fleste er framleis dette nøkkelinformasjon for vanlege gardsbruk med litt ulike produksjonar, seier Svebestad.

– Kva er din kommentar til tala i den oversikten som Svin presenterer i dag?

– Jamnt over ser det ut til at mellomgruppa kjem litt betre ut om ein ser fleire år under eitt. Vi har grunna litt på dette, men vi trur at mange av dei mest offensive svineprodusentane som driv intensivt og litt større er nettopp i denne gruppa. I gruppa for kombinertprodusentar har kanskje fleire vore i avviklingsmodus. Det kan i alle fall sjå ut til at nokre av dei har drive litt meir ekstensivt enn dei i mellomgruppa, trur han.

Og her har vi eit viktig stikkord i samtalen med Svebestad. Dei siste åra har differensiering av ulike produsentgrupper vorte meir tydeleg. Dei som har investert mykje ser berre ein veg, og den går framover. Mange av dei som driv stort har andre krav til rekneskapsresultat, budsjett og rådgjeving enn den meir tradisjonelle kunden.

– Vi såg det tidleg hos dei store gartneria. Nokre av kundane våre driv ganske stor veksthusproduksjon. Dette er svært kapitalkrevjande, og driftsrisikoen auker sterkt. Når omsetninga stig er det særleg viktig å ha styring og oversikt. Fleire av dei vi snakker om her har etablert driftsselskap som aksjeselskap. Hvis ein skal investere til dømes 15 millionar, så er det ikkje enkelt å sette hus og heim i pant. I landbruket er vi vant til at vi set hus og heim i pant når vi skal bygge nytt eller restaurere. Tradisjonelle bønder kan derfor ofte ha ei ulempe når dei står framfor store investeringar. Det har ikkje vore, og er framleis ikkje, tradisjon for å lage aksjeselskap i landbruket. På gris er det ytterst få som driv slik.

– Korleis møter du kundar med nye krav til rekneskapen?

– Vi ser at vi må dele kundane i tydelegare grupper enn før, og vi kunne nok ha vore enda flinkare på dette området. Vi lager tertialrekneskap oftare enn før, og vi jobber meir aktivt i forhold til budsjett. Når det gjeld budsjett så har eg ein kjepphest; det er ingen vits i å bruke mykje tid på detaljer i eit budsjett. Det kan settast opp på ein ganske enkel og ukomplisert måte. Grisebonden må jobbe for å finne så realistiske budsjettal som mogleg for desse tre postane; omsetning, fôrkjøp og livdyrkjøp. Det er dei vi er opptekne av. Dei legg heile grunnlaget for budsjettramma. Det kan også vere andre tunge faktorar som er viktige, til dømes kostnader til leid arbeidskraft. Ønsket om budsjettering er aukande. Fleire bønder ser behovet sjøl. Det er naudsynt med budsjett i høve til viktige veival, og ofte vil banken ha eit budsjett.

– Korleis finn du svaret på hovedpostane i budsjettet?

– Ofte tek vi eit felles møte med bondens faglege rådgjevar. Så spør vi; kva slags omsetning venter du deg neste år ? Kva reknar du med å få av salsinntektar? Og kva må kjøpast inn? Når budsjettet vert sett saman er dette grunnleggjande. Så må ein fylgje utviklinga i året. Kva er årsaka til avviket ? Er det uventa fall i prisane, eller er det andre årsaker som spelar inn ? Kva for postar kan vi gjere noko med i driftsresultatat? Da ligg vi i forkant. Det er ikkje nok å tenkje avdrått og kvalitet, men kroner og øre heilt ned til bunnlinja. Vi motiverer folk til å telje dyr tre gonger i året. Ambisjonen er å være den beste bedriftsrådgjevaren for dei som vil ha tertialregnskap med tettare oppfølging.

– Kva er eit tertialrekneskap?

– Det vert laga tre gonger i året, og er ein heilt vanleg rekneskap som syner driftsresultat med avskrivninger og endringar i beholdningane.

 

Tåler ikkje lengre downperiode

– Det vert ein tøff vinter for svineprodusentane. Er dei med størst gjeld mest utsatt?

– Dette vil variere. Mange av dei med stor gjeld er avhengig av god drift, og vi ser også at mange av dei driv godt. Ved nybygging har dei ofte litt å gå på. Renta er til dømes lågare enn det mange har brukt i budsjettet. Ved ein lengre downperiode med låge prisar og aukande rente så er desse sårbare. Dei har etablert seg i ein annan divisjon. Dei kan som regel ikkje lenger ta seg arbeid utanom garden

– Kor mykje renteauke tålast? To prosent?

– To prosent er 20.000 kroner for kvar million i gjeld. Ved 10 millionar i gjeld tyder altså to prosent høgare rente 200.000 kronar ekstra. Utviklinga i pris og avgifter betyr eigentleg mykje meir for økonomien enn ein moderat auke i renta. Dei fleste greier nok ein auke på to prosent. Men om dette kjem på toppen av eit lengre prisog avgiftspress kan det verte tøft, seier Martin Svebestad.

 

Dette er Rekneskapslaga Jæren og Dalane

Bøndene eig sjølv sine rekneskapslag på Jæren og i Dalane. Sola, Klepp og Time er tre døme på slike rekneskapslag, men det er 11 bondeeigde lag som tek del i samarbeidet som kallar seg «Rekneskapslaga Jæren og Dalane».

Frå 1993–94 er det laga driftsgreinsanalyser for mange av kundane i desse laga. Martin Svebestad i Klepp rekneskapslag var ein av pådrivarane i dette arbeidet, og felles verktøy var teke i bruk. På det meste førte nærare 1000 bruk slike driftsgreinsanalyser, men interessen har dabba litt av dei seinaste åra. Rekneskapslaga utvikla tidleg ein statistikkmodell. Han er enkel, men har fungert greit i alle desse åra. Derfor finnest det gode tal, ikkje berre for gris, men for alle driftsgreiner, også maskinkostnadar.

Det er tradisjonelle dekningsbidragskalkylar som kjem fram her. Produsentane er dela inn i tre kategoriar, og plasseringa er gjort etter beste skjønn. Kundane kan i analysane for sin eigen gard studere fem års-trenden. For biologiske produksjonar er det interessant å sjå utviklinga i meir enn dei to siste åra. Maskinkostnadane er skjønsmessig fordelt på dei ulike produksjonsgreinene på garden. Statistikken fanger opp alle middeltala for svineprodusentar på Jæren og i Dalane som har driftsgreinsanalyser. Rekneskapslaga korrigerar tal fra skatterekneskapen (status) til driftsstatus.