Stikkord:
Vil ha felles EU-regler for dyrevelferd
Vil ha felles EU-regler for dyrevelferd
Kommisjonens handlingsplan for å betre dyrevelferda i EU vart i oktober stemt igjennom i EU-parlamentet. Det meinte at færre sjukdomstilfelle må være eit hovudmål i arbeidet med dyrevelferd. Parlamentet ynskjer også at EU-kommisjonen utviklar eit system for merking, som kan syne forbrukarane at dyret har fått god handsaming.
Nokre parlamentsmedlemmar er likevel bekymra for at for strenge reglar kan gje EU ulempar i den internasjonale konkurransen. Nokre medlemmar ynskjer difor at EU skal ta opp spørsmålet om felles standardar for dyrevelferd i WTO.
Parlamentet ynskjer også å få fart på EU sine forhandlingar med Argentina, Paraguay, Uruguay og Brasil (Mercosur). Handelssamtalane med desse landa har stått stille dei 18 siste månadene i påvente av eit resultat i WTO.