Stikkord:
– Norsvinleiarar leiker med elden
Svineprodusent Per Voll på Jæren er sterkt usamd med Norsvin som ønsker at kjøtsamvirket skal dele den tredje svinerasen duroc med Kjøttbransjens Landsforbund (KLF).
– Det synest som om begge i Norsvinleiinga og redaktøren med, vil at Norsk Kjøtt skal sjå i nåde til KLF og hjelpe til slik at dei får duroc som den tredje rasen. Det er eg sterkt usamd i. Kvifor er dei så positive til det? spør Per Voll på Voll i Rogaland. Voll, som sjøl var styreleiar i Norsk Svineavlslag tidleg på 90-talet.
STRATEGISK FEILSTRATEGISK FEIL – Kjøtsamvirket hadde yorkshirehybriden for seg sjøl ei stund, men vart etterkvart pressa til å dele den med dei private. No ser eg at både formannen og direktøren i Norsvin synest å være på full gli i same lei når det gjeld durocen. Det meiner eg er strategisk feil.
– Kvifor meiner du det?– Eg har alltid meint at ein ikkje skal gje fra seg ein strategisk fordel utan å ha noko betre å sette i staden. Eg meiner det er best for min økonomi som svineprodusent å ha eit sterkt kjøtsamvirke som kan bruke sine strategiske fordelar til å halde kjøtprisen oppe så høgt som mogleg. Som produsent er eg best tent med det over tid. Det er utgangspunktet mitt, og grunnen til at eg engasjerar meg. Vår økonomi, altså produsentane sin, kviler på den plattformen som kjøtsamvirket er i stand til å byggje. KLF-bedriftane tilpassar seg den økonomien som kjøtsamvirket kan tilby sine produsentar, og har andre eigarinteressar. Ei meiner at Norsvinleiianga leiker med elden i ei sak som dette, seier Voll.
TRUR MANGE ER SAMDE– Har du fått mange reaksjonar fra andre produsentar i denne saken? – Det kan eg nok ikkje seie. Men eg trur at mange føler desse problema som litt fjerne og vanskelege. Innerst inne trur eg svært mange er samde med meg. Vi må ikkje gløyme at Norsk Svineavlslag i si tid vart starta med pengar fra kjøtsamvirket. Da bør ein ikkje verte for glad i konkurrenten. Det er nå meininga mi. Hovudpoenget mitt er eigenleg dette; kva sikrer økonomien her på garden min best over tid? Eg er viss på svaret, seier Per Voll.