Publisert: 18.03.2013
Oppdatert: 30.05.2018
Stikkord:
Klona gris på veg til Danmark
Klona gris på veg til Danmark
Om eit par månader er det venta at ein dansk gris føder det fyrste klona dyret i landet. I slutten av mars kunne forskarane ved Danmarks Jordbrugsforskning konstatere at forsøksgrisen er på veg med eit kull klona foster som forskarane har sett inn. Hensikten med kloninga er å studere korleis ulike sjukdommar fungerar. Forskarane har plassert genetiske sjukdommar som til dømes Parkinson og Alzheimer i grisefostra, melder kjelder som Lansbrugsavisen/Børsen og Ritzau.