Publisert: 14.04.2018 Oppdatert: 14.08.2018

Stikkord:

Halebiting – eit alvorleg velferdsproblem

Kvardagen skal vere god, for grisen og for deg som svineprodusent. Både grisen, eigaren og svineproduksjonens omdøme lir, når halebiting oppstår. Det gjeld å tilby grisen eit liv utan frustrasjon, for å sikre grisen og deg sjøl ein grei arbeidsdag.


av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura 

Denne artikkelen skal omhandle årsakssamanhengar, førebyggjande grep og gje praktiske råd om naudsynte og effektive tiltak mot halebiting. For å kunne gjere noko med halebiting i ei besetning, er det tre punkt ein ikkje kjem utanom.

// Ein må forstå åtferda til grisen, forstå grisen, og akseptere grisens natur.

// Ein må vidare skaffe seg oversikt over faktorar som påverkar grisens åtferd og kvardag.

// Til slutt må ein oppklare årsakene til halebiting i si besetning, og finne dei grunnleggjande årsakene til at halebitinga oppstår. Då bør ein observere åtferda, og ta ei syste­matisk gjennomgang av drifta og levekåra i grishuset.

Å jakte på årsaka til bitinga

Sjå etter moglege årsakar i desse punkta, hugs at det kan vere fleire årsaker samstundes, det treng ikkje vere berre ei årsak.

// Varmestress, sjekk liggemønster.

// Trekk, sjå liggemønster.

// Store variasjonar i temperatur gjennom døgnet, (set inn to-tre maks-min-temp-målarar på ulike stader, les av desse når du steller grisen, stemmer dette med kva ventilasjonsannlegget eventuelt seier?)

// Dårleg luftkvalitet?

// For lite plass i bingane?

// Manglande eller skitne leiker?

// Er det tilstrekkeleg mengde og variasjon i rotemateriale, strø, grovfôr?

// Får alle ete samstundes i langtroa?

// Renn maten ut til begge endar av troa?

// Er det vanskeleg å få ut fôr i apetittfôringstroa?

// Er det lik avføring i heile huset? Kan det vere tarm-smerter som gjer grisene irriterte?

// Kva ph har våtfôret? Er ph i fôret lik i troa som i blandetanken? (for surt fôr kan gje magesmerter)

// Er det størkna fôr på innsida av fôrnedløpsrøyret? (muggkaker kan gjere heftig vondt i magen)

// Får grisen straum i seg når den drikk?

// Er det statisk elektrisitet i bingen?

// Er det konstant kø og trengsel ved drikkenippelen?

// Er det nok vatn i nippelen? (Mange har hatt glede av å setje inn ein ekstra nippel i kvar binge.)