Publisert: 14.02.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Grisekjøt er festmat på Samoa

Grisekjøt er midtpunkt i kvar fest på Samoa i Stillehavet. Folket er glad i god mat, og tilberder gjerne heile skrotten i tradisjonell «umu», ein metode der grisen er kokt mellom to lag av varme steinar.


Grisekjøt er festmat på Samoa

Grisekjøt er midtpunkt i kvar fest på Samoa i Stillehavet. Folket er glad i god mat, og tilberder gjerne heile skrotten i tradisjonell «umu», ein metode der grisen er kokt mellom to lag av varme steinar.

 

Svin er «sparebørsa» til folk, og grisekjøt blir rekna for festmat i heile Stillehavsområdet. Fødsel av nye grisungar er «renteoppgjer», og gris er alltid det mest populære kjøtslaget i bryllaup, gravferder og landsbyfestar. Då kong Taupo IV på Tonga døydde i september i år, blei tusenvis av grisar brakt til hovudstaden til gravferda hans. På Tonga er dei også glad i hestekjøt, men det er dei ikkje på Samoa. I 1989 viste landbruksteljinga på Samoa at det var 193 000 grisar og eit folketal på 165 000.

 

Heilkokt mellom lag av varme steinar

Bak mange bustadhus på Samoa har dei eit eldhus laga av enkle plankebitar og med bølgjeblikk på taket. Her blir mykje av maten koka i gryter over open flamme sidan straumen kostar pengar, og ikkje alle har elektrisk- eller gassovn.

Dei fleste har også ein plass i eldhuset der ein del av maten blir kokt mellom to lag av varme steinar, ein metode som kallast umu. Av innmat brukar dei hjerte, lunger, lever, og bukspyttkjertel. Grisen blir slakta heime, og blir flytta på hygienisk vis med handfletta korger laga av palmeblad. Grisar som blir kokt i umu har gjerne slaktevekt mellom 10–20 kilo. Oppvarminga av steinane tar vel ein time, og det er steinar både under og oppå bålet. Neste steg er å laga ei seng av varme steinar til å legga grisen på, ta nokre varme steinar inni buken på dyret, og legga steinar oppå og rundt grisen. Rotfruktene taro og tamu blir også lagt inn i umuen, i tillegg til innmat frå grisen som blir pakka inn i sølvfolie. Så dekkjer dei umu’en med store grøne blad frå taro eller bananpalmar, for å redusera varmetapet. Det er òg mulig å dekka med fukta avispapir. Til sist blir det lagt på gamle bastmatter som ekstra isolasjon. Etter ca ein time i umu er grisen gyllenbrun, og klar til servering.

 

Arne om Arne

Artikkelforfatteren, Arne Haukås, er gift med ei jente som er fødd på Samoa. Her er hans eigne ord om seg sjølv;

Familiebesøk og sabbatsår

Me møttest på ein bibelskule (Ungdom i Oppdrag) i New Zealand i 1994, då eg tok eit års pause frå husdyrstudiar på NLH, Ås. Etter giftarmål i desember 1997, har me budd på Kvål i Trøndelag i 8,5 år. Der har eg jobba på Øya vgs (naturbruk) og undervist i husdyrfag, og hatt driftsansvar for grisehuset i fleire år. I skuleåret 2006–07 har familien fått permisjon frå jobbar og barnehage, og leigt ut huset på Kvål. Me og dottera vår, Karen Ufiufi, på 4 år såg fram til å møta 40 søskenbarn, samt tanter og onklar og vener på Samoa og i New Zealand. I løpet av året skal me vera cirka tre månader på Samoa (tre turar), og resten av tida i New Zealand. Det er godt å få litt god tid med familie og kjente når avstandane er så store. Undervegs skal me jobbe deltid på New Zealand for å forsørgja oss.