Publisert: 13.12.2012 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– Går greit når rutinane er på plass

– Til å byrje med lurte vi på om vi hadde teke på oss litt mykje. Men etter kvart som rutinane fall på plass gjekk det ganske greit, seier Siv og Ove Bruheim.


– Går greit når rutinane er på plass

– Til å byrje med lurte vi på om vi hadde teke på oss litt mykje. Men etter kvart som rutinane fall på plass gjekk det ganske greit, seier Siv og Ove Bruheim.

 

Dei driv nå den einaste foredlingsbesetningen med gris på Vestlandet mellom Trøndelag og Etne. Garden ligg i Hornindal i Sogn og Fjordane, og her dreiv dei tidlegare ein vanleg bruksbesetning. Våren 2007 byrja dei skifte ut hybridpurkene med landsvin, og dyra kom frå Torill og Jon Kåre Nesdal som skulle slutte.

– Vi fekk veldig gode dyr. Vi kjøpte gradvis (5,5 vekers puljedrift), og brukte eit halvt år på å skifte ut alle purkane.

– Var det vanskeleg samanlikna med den gamle måten i drive på?

– Det vart jo mykje meir å halde kontroll med. I byrjinga var det litt vanskeleg. Vi hadde mange spørsmål, og brukte Jon Kåre ganske mykje som konsulent. Heile tankegangen måtte leggjast om samanlikna med vanleg drift, ikke minst når det gjaldt veiing, merkjing, inseminering ut- plukking av livdyr som testrånar og purker. Dette brukar vi mykje tid på. Det var ganske mykje å setje seg inn i, og meir registrering og arbeid. Men når rutinane no er etablert går det ganske greit. Ellers er økonomi viktig, og med det gode livdyrsalet vi har fått og Norsvins kompensasjon til foredlingsbesetningar, meiner vi at vi har bra igjen for meirarbeidet.

– Kvifor avlsbesetning?

– Nesdal skulle slutte, og vi vart spurt. Vi tenkte mykje att og fram, men det avgjerandre for oss var at vi følte ansvar for svinemiljøet vestpå. Det er ingen avlsbesetningar i Møre og Romsdal, og i sør må du heilt ned til sørgrensa i Hordaland. Eg trur det har litt å bety for svinemiljøet at det er ein avlsbesetning i området. Vi kunne ikkje mykje om avl før vi starta, men eg har funne ut at det er veldig interessant å drive avlsarbeid, seier Siv.

Ho og mannen Ove trivast godt i grisehuset. Dei har halde på eit år med avlsbesetningen sin no, og har allereie fått sin første eliteråne på tappelista. Det var gildt!