Stikkord: Halebiting
av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura
Poenget er at bjørkestokkane skal hengjast opp horisontalt på bingeskiljet, oppifrå gulvet, i litt under snute-nivå. Heng dei opp over fast gulv, ikkje heilt oppi liggearealet, men ikkje ut på ristene heller.
Anbefalt mengde trevirke er minst 20 – 25 cm langt per slaktegris, ca 10 cm per avvent smågris.
Smågris: 4 – 7 cm tjukt, 20 – 50 cm lengd.
Slaktegris: 5 – 10 cm tjukt, 40 – 120 cm lengd.
Purker: ca.10 cm tjukt, 40 – 120 cm lengd.
Skjer ned små tre i rett tjukkelse, bor hol i endane, set inn rustfri kjetting, dra rundt ein runde og fest denne med passande lås eller bolt. Ver obs på at desse kan dette av når grisen herjar, velg derfor ein lås som ikkje lett kan manipulerast av, og som gjerne også er lett å fjerne når stokkane skal skiftast ut. Stokkar over 50 cm bør ha kjetting i begge endar. Mindre stokkar kan hengjast opp enkeltvis.
Bjørka held på lukta og smaken i om lag seks månader før grisen mistar interessa. Den kan i mange tilfelle vare i fleire år, men som interessant leike har den berre verdi i to innsett. Etter fyrste innsett kan du vaske dei med høgtrykkspylar som resten av bingen, så er den klar til innsett nummer to.
På denne måten vil to til fire bingar med gris vere slakteklar ved første sending, her treng de ofte ikkje plukkslakte. I tillegg er det større sjans for at grisen er jamn, veks jamt heile innsettet, og det vert mindre plukkslakting også i resten av bingane. Dei fleste erfarne svineprodusentar vil vere einige i at det faktisk er lettare å sortere 30 kilos smågris, enn 120 kilos slaktegris. Jamne grupper med gris vil opptre meir harmonisk i grishuset, og halebiting vil vere mindra aktuelt når det ikkje fins «minstemann» i annakvar binge, som fort utviklar seg til ein halebitar.
Har grisene tilgong til vatn i rett mengd og høgd?
I tillegg anbefalar me at de har sjekka vasstrykket på niplane, bytta ut eventuelt dårleg fungerande niplar, vaska fôringsrøyret for matrester, og strødd på Kvikk-fôr som velkomst til dei små som kjem inn. Handter grisen så roleg som mogleg, då vert den mindre stressa og redd, du vil få att ein gris som kjenner seg trygg, trivst og veks. Før innsettet er det også greitt å sjekke lagerhaldninga av strø og grovfôr, og om fyrstehjelpsarsenalet er fullt og klar til nytt innsett. Sag ned, og gjer klar bjørkepinnar på vinteren, slik at somarinnsetta som ofte må konkurrere med matjord og gras om merksemd, får tilgong til dei same ressursane. Ein fin oppgåve for avløysarar og seniorar.
Rotemateriale, strø og grovfôr
Ved tildeling av strø / rotemateriale, anbefalar me at de strør med variert materiale. Grisen ynskjer og treng ei interessant blanding av ulik smak, konsistens, lukt og lengde. Bland gjerne grovfôr (høy, halm eller silo) i lag med rotemateriale (rapsstrø, treflis eller spon) før tildeling. Halm er vanskelegare for grisen å fordøye. Den har negativ fôrverdi, grisen må bruke av kraftfôr-energien til å fordøye den. I tillegg er den mindre smakfull enn høy og silo.
Test gjerne bjørkepinne-opplegget før det vert utbrot av halebiting. Me har fått mange positive tilbakemeldingar på at dette har effekt, men dette utelukkar ikkje tildeling av strø og grovfôr. Grisen treng å leite, finne, tygge og smake.
Oppsummering
Det er avgjerande for grisens trivsel og velferd, at den får leve i eit miljø der den får tilfredstilt behova sine. Eit utilfreds gris blir frustrert, og utviklar skadeleg åtferd som halebiting. Det er vår oppgåve å tilby grisene ein binge der den kan få leite, finne, tygge og smake på verda. Det er svært viktig at det er nok ressursar i bingen til alle grisene, slik at dei alle kan ete, sove og leike på same tida. Då er gruppa harmonisk, og du får ein kjekkare arbeidsdag i grishuset.
Lukke til!
Spørreundersøkelse om halebiting
Det var mange som svarte da Norsvin for en tid tilbake gjennomførte en spørreundersøkelse om halebiting i norske svinebesetninger. Slaktegrisbesetningene sliter mest.
Bakgrunnen for undersøkelsen er at Norsvin vet at det er en del problemer med halebiting, og dette er alvorlig for dyrevelferden. I tillegg har halebiting en økonomisk konsekvens.
Alle registrerte eiere i Norsvin ble kontaktet på e-post, og 828 svarte på undersøkelsen, noe som gir en svarprosent på 64,1 prosent. Av disse var 366 kombinert produsenter, 272 slaktegrisprodusenter, 128 smågrisprodusenter og 62 satellitter.
Undersøkelsen viser at det er produsenter med ren slaktegrisproduksjon som opplever størst problemer med halebiting. Den viser også at produsenter på Vestlandet og i Nord-Norge opplever større problemer med halebiting enn produsenter i andre fylker i landet. Undersøkelsen viser ingen sterk sammenheng mellom forekomsten av halebiting og antall tiltak, men en tendens til at de som har problemer også er de som har prøvd flest tiltak.
Norsvin er glad for engasjementet rundt undersøkelsen. Resultater fra den vil bli brukt i et stort prosjekt med fokus på halebiting som Norsvin starter opp denne våren, og som Svin har en bredere sak om blant annet på de neste sidene i Svin.