Publisert: 14.04.2018 Oppdatert: 14.08.2018

Stikkord:

Å vere gris

Grisen kjem til verda med eitt mål i sikte: å undersøkje verda, ete litt av den og sove. 


av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura 

Grisens natur er å undersøkje verda grundig, og det gjer den med snuten. Den snusar, bit og rotar i det den kjem over (det kan alle som har hatt gris laus i fôrsentralen skrive under på). Den har ein fantastisk luktesans, som leier den til dei mest interesante fôrmidla å ete, om den var ute i naturen. Noko av denne undersøkjinga er målretta åtferd for å finne mat, resten er av rein nyfikenheit. Ein vaken gris vil dermed anten ete, eller jobbe med snuten som verkty. Arbeidsmessig er grisen ein «maskin» til å stå på, det skal den ha! I tillegg er grisen eit sosialt flokkdyr som aller helst vil gjere nett det som dei andre grisene i flokken gjer. Det betyr, at dei vil ete i lag, pisse i lag, leike i lag og sove i lag. Når sjefen i flokken er ferdig med å ete, pisse, og leike, og vil gå til ro, betyr det at sistemann på rangstigen, som kanskje ikkje er ferdig å ete, drikke eller leike- også må legge seg.

Den minste grisen legg seg utan å vere tilfreds, den er kanskje enno tyrst, svolten eller har ikkje fått tid til å leike og rote. Ein gris som ikkje er tilfreds, vil ha vanskeleg for å falle til ro, og uroar dei andre i gruppa. Ikkje får den sove sjøl, og ikkje let den dei andre vere i fred. Ei gruppe griser som ikkje får kvile tilstrekkeleg, vil bli gretne og stressa, og vere utsett for halebiting av den grunn. Den vesle grisen som sjeldan når fram til maten eller vatnet før dei andre er ferdige, kan bruke halebiting som metode til å tilfredstille leikebehovet, som makt-metode, for å rykke fram til maten eller vatnet, eller den tek halen i rein desperasjon etter mat, kamp om ressursane. Dette skjer typisk i bingar der grisen er ujamn i storleik, eller der kastratar og purker går i lag.

Purker og kastratar er avla fram av same genetikken, begge kjønn har eit enormt tilvekstpotensiale. Det er berre opp til eigaren å få i dei nok fôr til å utnytte dette potensialet. I eit våtforingsannlegg der purker og kastratar er sortert etter kjønn, kan ein tydeleg sjå skilnaden på åtferda deira. Ved nedslepp av fôr, kan ein sjå at kastratane hiv seg over fôret som sugerøyr, kastar i seg maten og er ferdige med oppgåva på kort tid.

På purkesida derimot, går det lenger tid før dei har ete opp. Purkene tek nokre munnar mat, ser litt opp, et litt til, går så ein tur og sjekkar høva i andre enden av troa, smakar litt der,- og går ein ny plass. Dei brukar lengre tid på å få i seg maten. Dermed er det slik, at purker som må leve ilag med kastratar ikkje får utnytta vekstpotensialet sitt, ho rekk ikkje ete så mykje som kastratane på same tida, og vil hengje etter vekstmessig. I tillegg opptrer kastratane meir valdsamt, dei rir og herjar, og vil i større grad forstyrre ei purke sitt behov for eit fredeleg liv, og ho vil også av den grunn ikkje oppnå potensialet sitt i vekst og trivsel. Forskning viser at det oppstår meir halebiting i bingar med kjønnsblanda gris. I tillegg er det overrepresentert av purker, som identifiserte halebitarar.

Bygg deg eit lager av førstehjelps-medel til akutte situasjonar

Hugs «nyhetens interesse», det skal vere noko nytt, noko annleis.

// Høybunt – halmbunt – silo.

// Greiner med bark, greiner med lauv. (Veldig lurt å feste denne til bingen, så den ikkje hamnar på gjødselarealet og blir øydelagt med ein gong.

// Små trestokkar, gjerne av bjørk. Ferdigbora hol til oppheng i bingen.

// Havsalt til innblanding i strøet.

// Tauverk av naturmateriale, heng opp, knutar per halvmeter.

// Papirsekker, aviser (varar ikkje lenge).

// Spenegummi frå mjølkeannlegg (tre gjennom ferdigbora hol i bøtte eller i ei trelekt/plate).

// Vedskier (blir fort skitne, men er greie ei stund, og kjekk ting å bære på, gnage på).

// Grov treflis (helst til større gris) smakar og luktar sterkt, er interessant.